Presentasjon av Draumefangaren v/ FRIKAR

Dato: 18. april 2019
Tid: 13:00
Sted: Ulike steder - se tider...
Arrangør: FRIKAR

Skjærtorsdag presenteres Draumefangaren v/ FRIKAR

"Møt FRIKAR med Draumefangaren - sumarens interaktive vandreframsyning i Åbjørajuvet!" Dans og konkurranse, med FRIKAR frå Aurdal.

 

TID OG STED SKJÆRTORSDAG:

13.00: Danebu Kongsgaard

14.00: Valdres Alpinsenter

15.00: Aurdal Fjellpark

 

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” - Oppland Arbeiderblad.

Foto: Antero Hein

 

På vandringa i skogen møter du eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Du kan velje mellom ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype - begge er 2,5 km lange. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min. danseframsyning ved fossen. Bli med og gje draumen ein sjanse!

Se filmklipp her:

 

Link til BILLETTBESTILLING: frikar.com

 

SE BILDER
Foto: Antero Hein