Et turmål med historisk sus

Vi vil gjerne anbefale turglade lesere av aurdal.no en fin fottur med et mål dere kanskje ikke vet om fra før, nemlig Tapptjernbue, et mål med en sterk historie fra den tyske operasjon "Almenrausch". Turen tar omkring to timer hver vei, i lettgått, åpent og vakkert terreng. Inne i Tapptjernbue kan man bla i minnebøker og forsøke å forestille seg situasjonen den 14.juni 1944 på dette stedet - langt fra folk.  Utenfor er det reist et minnesmerke. Det er skrevet mye om hendelsen i Tapptjerndalen. Nedenfor finner dere Ola N. Døvres ord om historien bak, samt om gjenoppbyggingen av Tapptjernbue.

Den enkleste og best merkede ruten går fra Svarthamar (i Skrautvål), hvor bil kan parkeres. Veien til Svarthamar er som følger:

Kjør fra Fagernes gjennom Skrautvål. Det er 6 km til Skrautvål  Kyrkje, fortsett videre ca 500 m til Svarthamarvegen, ta den forbi Valdres Skisenter. Kjør forbi vegen til Gryta, forbi vegen til Neverset, gjennom Grøslia, forbi vegen til Dalen, forbi Høvda, nedover forbi Nisehalle, forbi vegen til Helleset, forbi vegen til Etnesenn og fortsett til Svarthamar som ligger 27 km fra Skrautvål.

Dersom dere vil gå turen sammen med kjentfolk, kan det anbefales å følge med staute karer fra N.R.O.F. (norske reserveoffiserers forbund), avd. Valdres, som har tur dit søndag 19. juni i år. De starter turen fra Svarthamar kl.11.00. Med et par pauser er man i Tapptjerndalen ca. kl. 13.00. Der blir det en enkel bekransing av minnesmerket. Ta med matpakke og termos.

Historien bak:

Aktuell dato er 14.06.1944. Aktuell stad er Tapptjerndalen i Skrautvål Sameige i Nord Aurdal Kommune.

I Tapptjernbua ligg denne dagen fem milorg-gutar som er på flukt. Det er Norvald Thorshaug, Odd Hodne, Rolf Arebø,  Kjell Skogly og Asbjørn Røed.  Ei tysk tropp på 40 mann overraska desse gutane i bua.                                                                          

Überløytnant Wilhelm sparka inn døra og forlangte «Hände hoch». Odd Hodne syntest han måtte heisa opp buksa si når det kom så fint besøk. Han fann pistolen sin og skaut Wilhelm til døde. Ein korporal fekk og sitt, men rakk å tøma maskinpistolen sin inn i hytta først.  Rolf døydde med det same. Kjell, som og vart treft, sprang ut mest i ørska og vart skoten til døde. Odd, Norvald og Asbjørn greidde å røma, sjølv om Asbjørn hadde fått eit skot i låret.  

Dei tre kom seg til stølslaget Helleset, til Margit Meisdalshagen og fleire. Dei tok stor risiko ved å pleie Asbjørn. Doktor måtte koma, og gjorde det etterkvart. Odd og Norvald kom seg vidare med eiga hjelp.

Trefningen i Tapptjerndalen kunne sjåast på som ein ulik kamp.  Men troppa hadde misst sjefen sin, Wilhelm, og vart usikre. Elles veit vi i ettertid at tyskarane var livredde. Dei trudde det var milorg-gutar bak kvar stein og torde ikkje fylgja etter rømlingane.

Den eine døde låg inne. Den andre vart hivd inn før tyskarane tende på hytta.

Kirkesanger og lærar Gunnar Skrutvold, Eivind bror hass, doktor Carl Einar Isachsen, sonen Per og kunstmaler Guy Krogh, var gode nordmenn som fyrst kom til Tapptjerndalen etter udåden. Flammene hadde gjort sitt med dei døde kroppane. Men det som var like heilt og tydeleg, var det norske flagget dei hadde på jakkeærmet. Det var sterkt. Kroppane vart sveipt inn i presenningar, borne opp i ura og dekte med stein. Gunnar song «Alltid Freidig når du går». Dei andre fylgde med så godt dei kunne. Det var ei sterk oppleving for alle.

Etterkvart vart det nemmast ein valfart til Tapptjerndalen, noko tyskarane likte dårleg.  Dei kom og flytte gutane til ein annan plass. Denne vart funne, og gutane vart frakta til Gjøvik for å bli gravlagde der, på sin heimstad. Dette fordi dei ikkje låg i vigd jord i Tapptjerndalen. Carl Einar Isachsen hadde sin kommentar til det: "De hadde jo viet denne jorden med sitt blod, der heiloen sang med sine sørgmodige toner".

Sidan vart det stor minnemarkering i 1946, med avduking av minnesmerke. Neste minnemarkering var i 1965, og etter det nemmast årleg.

Det ligg ein dåm av høgtid over Tapptjerndalen, om unge gutar som vågde livet sitt for Noregs fridom.

Skrautvål sameigestyre ville ha bygd oppatt bue i Tapptjerndalen. Undertegna var med og hogg tømmer i Døvrismørken til formålet. Far hadde fått mål på kor lange stokkane skulle vera. "Eg trur vi legg på 20 cm", sa far. Det vart gjort. Tømmeret vart skore til kløvningar.

Det vart mange dugnadsdagar for å få bore fram materialen ifrå Svarthamar. Ola Lyseng laga seg eit spesialdrag for hesten sin, Blesen, og fekk plass til mange stokkar. Det var inga stor dramatikk med denne dugnaden. Det einaste var at ei av ungjentene som var med av ein eller annan grunn hadde fått brisk i underbuksa si...

Bue vart lafta opp i Tapptjerndalen av Torleiv K. Skaar, Torleiv O. Skaar. Olav Gigstad og Nils O. Døvre. Edvard Gigstad var med og køyrde proviant med hest til Svarthamar. Dette skjedde 05.-10. oktober 1958.                      

For å koma til Tapptjerndalen kan ein gå frå Svarthamar eller Susstølen. Det er ein fin sumartur på 2 - 2,5 timers gange kvar veg i vakkert terreng, og hytta er open. 

Beste helsing

Ola N. Døvre,  som har plukka frå skriftlege og muntlege kjelder.

 

PS:

 Lokalhistoriker Hans Olav Haugen frå Gausdal seier at 20 tyske kjøretøy med soldatar reiste frå Etnedal opp til Torpelundsetra i Nordre Land den 13.06.1944. Herfrå gjekk dei forbi Tronhus og Sebuhaugen og til Tapptjerndalen. Om det også kom soldatar frå Svarthamar trudde ikkje Hans Olav. «Det var mange tyske soldatar i Svarthamar, som nemmast var ein base for fleire oppdrag». Det som er sikkert er at den døde Wilhelm vart frakta til Svarthamar dagen etter udåden. Etter trefningen 14.06. gjekk dei tyske soldatane tilbake same vegen som dei kom. Dei hadde med den sterkt såra korporalen. Dei hadde vore inne på Sebuhaugen og klypt opp sengeklær til forbinding. Der var tydelege blodspor. DS.