Nye vegnamn på Aurdalsåsen

Det er flere nye veier i Aurdalsåsen som kommunen vil ha navn på, og derfor legges det ut en høring etter sist møte i stadnamnnemda...

Nord-Aurdal kommune ønskjer å få sett namn på fem vegar på Aurdalsåsen...

Stadnamnnemnda kjem her med sine forslag. Sidan området er sterkt utbygd og det til dels er vanskeleg å finne lokale stadnamn i området, har nemnda i eit par tilfelle brukt plantenamn. I eit par tilfelle har nemnda alternative forslag.

Høyringsfrist for innspel til forslaga er 1. august 2019.

1. Stikkveg frå Gråndalsvegen får anten namnet a) Geitolvegen eller b) Geitolen.
Se kart, les mer...

2. Stikkveg frå Fetjasetvegen nord for Svarttjednet (fortetting av hyttefelt) får namnet Tiriltunga.
Se kart, les mer...

3. Stikkveg frå Fetjasetvegen nord for Svarttjednet (planlagt hyttefelt) får namnet a) Geitebergvegen eller b) Geiteberget.
Se kart, les mer...

4. Stikkveg frå Freningvegen får namnet Skibakkvegen.
Se kart, les mer...

5. Stikkveg frå veg nr. 4 får namnet Danskebakkin.
Se kart, les mer...

Innspel kan sendast til: nak@nord-aurdal.kommune.no eller til Nord-Aurdal kommune, postboks 143, 2901 Fagernes.

Stadnamnnemnda i Nord-Aurdal
v/Aud Søyland, leiar